Jippikoret og Barnekoret Super
Velkommen til kor! Likar barnet ditt å synge? Bli med i eit av barnekora våre.
BARNEKORET SUPER
Alle born i alderen 4 - 8 år er hjarteleg velkomne på kor i kjellaren i Sykkylven kyrkje annankvar onsdag kl.17.15 - 18.30! Dirigentar er Anna Myklebust og Natalia Leknes. Først syng vi glade barnesongar i ca 20 minutt. Vi les ei Bibelforteljing, og deretter er det teikning og leik i aktivitetsrommet. Koret opptrer av og til på gudsteneste, på BUAS, og på kyrkjemessa 24.september. Før sommaren hadde vi familieleir på Orreneset saman med Jippikoret, og avslutning i hagen til Natalia, med diplom og premieutdeling til alle.
JIPPIKORET
Jippikoret er for 2.-7.klassetrinn. Korøving kl.14.30 - 15.30 i Ikornnes kyrkje, med oppstart torsdag 8.september. Det blir også øving torsdag 15.september, men deretter BYTTAR VI DAG TIL ONSDAG. Borna kjem direkte frå skulen, og får yoghurt og havregryn før øvinga. Dei som går på SFO et der, og blir fulgt bort i kyrkja til kl.15.30. Når vi er nok leiarar, deler vi koret, slik at 4.-7.klasse øver oppe i baksalen i kyrkjerommet. Dirigentar og leiarar er Kathrin Notanes Riksheim, Lene Overvoll, Siri Iversen og Rose Iren Stave. Er det fleire som vil bli med og synge saman med denne flotte gjengen? Vi treng fleire leiarar både musikalsk og til praktiske oppgåver.
I vår har sang vi i Ikornnes kyrkje i gudsteneste og på kyrkjedagane, hadde konsert på BUAS og familieleir på Orreneset. Avslutning for sommaren var 2.juni, med premieutdeling til alle våre 18 songarar. I haust skal vi synge på hausttakkefestgudsteneste 2.oktober, ha konsert på BUAS laurdag 5.november, julekonsert i kyrkja 11.desember, synge julaftan kl.14.30 og på juletrefesten 5.juledag, for dei som har anledning.
På bildet: To av dirigentane våre i fjor, Eva Marie Johnsen og Lene Overvoll.

____________

Barnekoret Super på øvinga si den 29.sept. 2021
Fotograf: Monica Aure Fallingen.
Dirigentar: Anna Myklebust og Natalia Leknes