Om oss
Kyrkjelydane i Sykkylven har som strategi og ønskje: "Meir himmel på jorda". Vår visjon er: "Det er Jesus vi forkynner, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus. Kol. 1,28". "For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagt, Jesus Kristus. 1. Kor 3,11". Det skal vere til inspirasjon som viser retninga for det vi driv med i kyrkjene. Sykkylven og Ikornnes kyrkje vitner i ord og gjerning om frelse, fridom og von i Jesus Kristus ved å vere vedkjennande, opne, tenande og misjonerande kyrkjelydar.
Jesus kallar oss til å vere ei fellesskapsdreva kyrkje, ikkje "berre" ei stabsdreva kyrkje. Vi er ei folkekyrkje av og for folket, med Jesus i sentrum. Likt med at Jesus formidlar rausheit skal kyrkja også være raus og open. "I huset til Far min er det mange rom", seier Jesus. Joh. 14,2. Vi er ein storfamilie, ikkje ein kjernefamilie.
Velkommen til kyrkja!
Rom for alle – saman!
Under kan de sjå litt informasjon om kyrkjene våre og litt av det som skjer i dei ulike kyrkjelydane.
Media