Sykkylven kyrkjelege fellesråd > Konfirmasjon


Velkomen som konfirmant i Ikornnes og Sykkylven kyrkjelyd!


Uavhengig av om du trur, tvilar, eller berre er nysgjerrig!

Kristen? Ikkje sikker på kva du meinar om Gud og tru? Ikkje døypt? Du er velkommen uansett! Alle som vil kan melde seg på konfirmantopplegget vårt.

I konfirmanttida utforskar vi og stille spørsmål om den kristne trua saman. Du er med på aktivitetar i kyrkjene og gjer deg eigne erfaringar med kristen tru, tradisjon og handlingar. Vi skal på leir, ha sosiale kveldar, lese i Bibelen, undervisning i kyrkja m.m. 

Digital påmelding for ungdommar født 2012 er open frå den 9. juni kl. 18 - den 13. september kl. 23.45. Etter det må ein ta kontakt med kyrkjekontoret. Medlemmar i Den norske kyrkje (døypte) har fått invitasjon i posten.

Konfirmasjonsgudsteneste dei to første helgene i mai 2027.

Første helga:

  • Laurdag i Sykkylven kyrkje kl. 11 og Ikornnes kyrkje kl. 13.15.
  • Søndag kl. 11 i Sykkylven kyrkje.

Andre helga:

  • Laurdag i Sykkylven kyrkje kl. 11 og Ikornnes kyrkje kl. 13.15. 

Konfirmasjonen heng saman med dåpen. Det er likevel ikkje naudsynt å være døypt for å delta i konfirmantopplegget, men sjølve konfirmasjonshandlinga er forbeholdt døypte. Dåp av konfirmantar skjer i gudsteneste, eller i ein eigen seremoni/dåpsgudsteneste utanom. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale.

Kyrkjene i Sykkylven ynskjer at alle som vil konfirmere seg skal ha høve til det. Vi legg derfor vekt på å finne løysingar slik alle skal kunne gjennomføre konfirmasjonstida og stå til konfirmasjon. Ta kontakt dersom din konfirmant treng tilrettelegging anten fysisk, psykisk, sosial eller ved spørsmål knytt til økonomi.

Tlf. 70 24 69 00 eller post@sykkylven.kyrkja.no. Kyrkjekontoret er ope kvardagar mellom kl. 10-14.