Sykkylven kyrkje 25 år
Sykkylven kyrkje fyller i år 25 år. 1. påskedag i 1990 vart kyrkja innvigd, og 19. april blir det stor jubileumsmarkering.
Sykkylven
kyrkje vart innvigd av biskop Ole Nordhaug 1. påskedag (15. april) i 1990. Og
søndag 19. april blir det jubileumsgudsteneste med markering av 25-årsjubileet.
Den
gamle kyrkja brann ned natt til 2. februar 1983, og det kom som eit sjokk på
folk i bygda. Ei spesiell kyrkje med ein særmerkt kyrkjekunst var borte. Det
tok tid å kome over det tapet. Men ei ny kyrkje vart bygd, og den vart eit
flott byggverk, teikna av arkitekt Oskar Norderval. 70 000 raudbrune teglsteinar
saman med rein, grå betong har gjeve bygget nesten eit monumentalt preg.
Samstundes er det ei brukskyrkje, med stor aktivitet heile veka.
Det er
grunn til å feire dette, både med jubileumsgudsteneste kl. 1100 og stor
kyrkjekaffe, jubileumsprogram og kyrkjemiddag etter gudstenesta. Som for 25 år
sidan, så stiller Loge Venia i Sykkylven opp med kaker og middag til alle som
kjem.
Tilbake