Velkommen til Barnekoret Super


Velkommen til Barnekoret Super


For alle i alderen 4 år - ca. 3. klasse. Stad: Kjellaren i Sykkylven kyrkje.

Korøvinga vår er i kyrkjekjellaren annankvar torsdag kl.17-18

Vår kjære dirigent er Natalia Albornoz Leknes, som jobbar som førskulelærar i Ikornnes FUS-barnehage. Ho kan barn, så her er det trygt og fint å vere. Vi har også småsysken i koret som ikkje er fylt 4 år enno. Foreldre/besteforeldre sit gjerne og høyrer på oss, så vi får god trening i å opptre.

Kantor Rose Iren Stave spelar piano, og Julie Lermo hjelper til med altmogleg. M.a. hjelper ho foreldre/besteforeldre å kome seg inn på gruppa vår på Spond, og å betale medlemskontingenten på kr.100.

På samlingane våre syng vi først, ca ein halvtime. Så leikar og dansar vi, teiknar eller lagar noko ilag, kanskje et litt frukt, og av og til får vi sjå ei Bibelforteljing på film. Til avslutning står vi i ring og syng Velsigninga.

Vi er eit populært kor som syng godt ut, så vi får mange spørsmål om opptreden. Foreldra svarer via Spond kva som passar og ikkje. 

Koret syng på Hausttakkefest i Ikornnes kyrkje søndag 25.oktober kl.11 saman med Jippikoret. Det er ei gudsteneste for heile familien, full av glede og takk for alt Gud har gitt oss. Kyrkja er fint pynta, og det blir mykje godt å ete på kyrkjekaffien. 

Søndag 13.desember kl.16 lagar vi stemningsfull Luciakonsert i Ikornnes kyrkje saman med Jippikoret og Sykkylven Ungdomskantori. Etter konserten kosar vi oss med Lussekattar.

Tilbake