Luk. 6,37 - 42
«Ver miskunnsame, som Far dykkar er miskunnsam.Døm ikkje, så skal de ikkje dømmast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømmast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving. Gjev, så skal de få: Eit godt mål, stappa, rista og overfylt, skal de få i fanget. For med det målet de sjølve måler med, skal det òg målast opp til dykk.»
Han fortalde dei òg ei likning: «Kan ein blind leia ein blind? Kjem ikkje begge til å falla i grøfta? Ein lærling står ikkje over meisteren, men når han er utlært, blir han lik meisteren sin.
Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge , merkar du ikkje? Og korleis kan du seia til bror din: ‘Bror, lat meg ta flisa ut av auget ditt’, når du ikkje ser bjelken i ditt eige auge? Din hyklar! Ta først bjelken ut av ditt eige auge. Då ser du klårt og kan ta flisa ut av auget til bror din.
……………………..
Slik lyder det heilage evangelium,
I dag skal vi stanse opp ved sterke og utfordrande ord frå Jesus:
«Døm ikkje, så skal de ikkje dømast. Fordøm ikkje, så skal de ikkje fordømast. Ettergjev, så skal de få ettergjeving.»
Det ligg i vår natur å prøve å forstå verda rundt oss og ein del av dette er å plassere menneske i kategoriar. Det kan vere ei overlevingsmakanisme, ein måte å raskt vurdere om ein person er ein ven eller ein trussel. Vi dømer ofte basert på våre eigne erfaringer og fordomar. Hvis vi har hatt ei dårlig oppleving med ei gruppe menneske, er det lett å overføre den følelsen til neste person vi møter frå same gruppe. Nokre gonger dømer vi andre for å føle oss betre med oss sjølve. Ved å peike på andre sine feil kan vi avleie merksemda frå våre eigne feil. Vi har sjeldan heile historia. Ofte baserer vi våre domer på det lille vi ser eller høyrer, som berre er ein liten del av heile historia.
Når vi dømer skaper vi eit skille mellom oss og dei. Dette kan føre til misforståing, konflikter og utestenging. Det hindrer oss i å sjå personen bak fasaden med alle dei unike historiene, utfordringane og kvalitetane. Det avgrenser også vår eigen vekst fordi vi let att døra for å lære av andre som er annaleis enn oss sjølve.
Ved å skifte fokus frå å døme til å forstå, kan vi bygge bruer i staden for murar. Det handler om å anerkjenne at alle ber på ei historie og at vi alle er mykje meir enn den eine handlinga eller eigenskapen vi dømer dei for.
Vi lever i ei verd der det er lett å døma. Det er lett å peike finger, lett å snakka om andre – lett å sjå det som er feil hos vår neste.
Men det Jesus seier her i dagens evangelium, er noko heilt anna. Han kallar oss til å snu blikket. Ikkje utover – men innover. Ikkje på den andre – men på oss sjølve.
For kven er vi, eigentleg, til å døma? Har vi full oversikt over eit anna menneske sitt liv, sine kampar, sine val? Nei. Vi ser berre ein del. Og ofte, når vi trur vi ser klårt – då har vi kanskje ein bjelke i vårt eige auge.
Jesus seier: «Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?» Det er ei kraftig påminning om kor lett det er å vera blind for eigne feil – og samstundes vera rask til å retta peikefingeren mot andre.
Så kjem han med eit bilete som er både klokt og humoristisk: «Kan ein blind leia ein blind? Kjem ikkje begge til å falla i grøfta?» Dette handlar ikkje berre om kven som får best utsyn. Det handlar om ansvar. Vi har eit ansvar for ikkje å føra andre vill med vår eiga trangsynte rettferd.
Men Jesus stoppar ikkje ved det vi ikkje skal gjera. Han kallar oss vidare, til det vi faktisk skal gjera: Vi skal gje. Vi skal tilgi. Vi skal vera raus – ikkje berre litt, men overfløymande:
«Eit godt mål, stappa, rista og overfylt, skal de få i fanget.»
Det er ei oppmoding til å leva eit liv der vi ikkje måler med ein hard målestokk – men med nåde. For med det målet vi sjølve bruker, skal det òg målast opp til oss.
Tenk på det. Tenk på korleis verda ville sett ut – viss vi alle, i staden for å døma kvarandre, byrja å ettergje. Viss vi ikkje gjekk rundt og bar nag, men delte godheit med kvarandre – rista, stappa og overfylt.
Det krev mot. Det krev ærlegdom. Det krev at vi tør sjå bjelken i vårt eige auge – og gjera noko med det. Men det er også ei gåve. For når vi lever i rausheit då blir det også målt rausheit tilbake til oss.
I Joh. 3,17 står det slik: Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.
Så lat oss ta desse orda med oss i dag:
Lat oss ikkje døma – men forstå.
Lat oss ikkje fordøma – men løfta opp.
Lat oss ettergje – og sjølve få kjenna tilgjeving.
Lat oss gje – med eit godt mål, stappa, rista og overfylt.
Vi skal kappast om å hedra kvarandre.
I den gamle nynorske salmeboka stod det ein salme av H.J.Darre som Bernt Støylen har oversett til nynorsk:
«Eit ord er ei pil som flyg av stad utan stans eller kvil. Du kan ikkje vita kor vida det fer. Det sårar din uven og den du hev kjær. Eit ord er ein gneiste som kveikjer ein brann Du sløkkja ei kan.
I ver og i vind fer tankelaust ord ifrå tankelaust sinn, men Herren i boki hev skrive og gøymt dei ord som eg minnest og dei eg hev gløymt. Gud tukte mi tunge før det vert for seint, so ordet vert reint.»
I bladet «Stille stunder – for heimen og skulen og kyrkja», fann eg eit dikt av Kari Grostøl der ho skriv:
«Gud gav oss Ordet
og kom oss nær.
Så gav han oss orda
så vi skulle vera nær kvarandre.
Dei gode orda
rislar og renn
som livgjevande vatn
kring livsrøtene
Skapande næring til liv og overflod
Så eg kan bløma
leika og le – leva.
Jau visst kan eg leva utan.
Eg kan arbeida,leika og sova – utan.
Men ikkje bløma,leika og le – utan.
Så lat oss hegna om orda!
Vera varsame når varme ord frys og vert harde.
Vera rause når
turr jord skrik etter liv og overflod.
Så kan vi saman bløma
leika og le – leva.»
Til slutt vil eg ta med ei bøn som St.Bruno, ein katolsk helgen skreiv, han var fødd i år 1030:
Eg tok meg den friheita at eg oversette den frå bokmål til nynorsk:
Herre, i denne stille morgonstund kjem eg for å be om ro i sinnet, visdom og styrke.
I dag vil eg sjå verda med auge som er heilt fylde av kjærleik.
Eg vil vere tålmodig, forståingsfull, mild og klok, og sjå forbi fyrsteinntrykk, sjå dine barn slik Du sjølv ser dei, og sjå kun det som er godt i kvar enkelt.
Lat att mine øyre for all baksnakking, bevare mi tunge for all vondskap.
Må kun dei tankane som velsignar bli i mi sjel og måtte alle som kjem i min nærleik, merke Ditt nærvær.
Kle meg i Din venleik Herre, slik at eg heile dagen lang openberrar Deg.
Ære være Faderen og Sonen og den Heilage Ande, som er og var og blir ein sann Gud, frå evigheit og til evigheit.
Amen.