Tusen takk til Sykkylven Gjensidige og Sykkylven Pensjonistlag!!
2. juni 2025 fikk vi på plass 2 stk. nye sittegrupper ved hovudinngangen til Sykkylven kyrkje. Desse vart fullt ut gitt som gåve/støtte frå Sykkylven Gjensidige. TUSEN TAKK! :-)
Møblane er både designa og produserte i bygda.

Sykkylven Gjensidige gav 2 stk. bord og 4 stk. benkar
Nokre dagar etterpå vart kyrkjeverje/dagleg leiar, Arild Sporsheim, kontakta av leiaren i Sykkylven Pensjonistlag, Tor Petter Mørkeset. Han kunne då melde at dei likte dei nye setegruppene svært godt, og at pensjonistlaget gjerne ville bidra med ein benk til. Resultatet var at dei fullt ut gav ein benk i i same modellserien som dei vi fekk frå Gjensidige. Forskjellen er at ryggvinkelen er litt "slakkare" i og med at den ikkje blir ståande inntil eit bord.

Sykkylven Pensjonistlag gav 1 stk. benk
SENTRUMSKYRKJE
Sykkylven kyrkje ligg fint til i sentrumsområdet, i same miljø som kyrkjeparken, og m.a. med kort veg til kaitrappa. Dei nye utemøblane er av same type som på kaitrappa, så då tenker vi at det vil være med å bidra til eit auka heilheitleg sentrumsmiljø. Ved å ha fått på plass desse bordgruppene og benken på sida vil vi auke moglegheitane for å sette seg ned og både nyte og bidra til positive felleskap og eit auka positivt sentrumsmiljø.
Så kan vi informere om at kyrkja er spesielt tilrettelagt som opa kyrkje på måndagar frå kl. 11-13. Og elles er kyrkja også opa dei fleste dagar, m.a. med tilgang til toalett. Vi gler oss over å være ei folkekyrkje med mykje aktivitet gjennom heile veka, storeparten av døgnet, og vi gler oss over at kyrkjeparken er så populær og mykje brukt.
Velkomen til kyrkja!
Rom for alle - saman