Vellukka misjonskveld, med stor givarglede!


Vellukka misjonskveld, med stor givarglede!


Fikk besøk av Tiina prest frå Den estiske evangelisk-lutherske kyrkja i Mustamäe, Estland.

Initiativtakaren var Åse Vestre og Esterklubben i Sykkylven. 
Kvelden vart godt leia av Asbjørg Oksavik Sve. Ho har sjølv vore på besøk i Estland heile 14 gongar og veit mykje om misjonsarbeidet som blir dreve frå Norge. Allsangen vart akkompagnert av Halvor Inge Sporsheim, som spelte både på piano og på trekkspel.

Av dei omlag 50 frammøtte var det tilreisande frå mellom anna Brattvåg, Skodje, Sula og Ålesund, Dette var personar som kunne fortelle om at dei er med i ulike foreinigar og kyrkjelydar som også har misjonsengasjement for kyrkja i Estland. Dette kom til uttrykk også denne kvelden, og under kollekten og salget av heimelaga saft/sylte o.l. kom det inn omlag kr. 31.500,-. Pengane blir gitt som donasjon direkte til kyrkja: Donasjoner – EELC Mustamäe Maria Magdalena menighet



Tiina Klement har studert i Norge og snakkar flytande norsk. I samarbeid med Asbjørg vart det vist mange bilder og innlevande fortalt om korleis kyrkja har blitt til. Tiina fortalte ulike historiar som ho beskreiv som gudfeldige (ikkje berre tilfeldige) og kunne også fortelle om det ho meiner er miraklar frå Gud. Eit av desse er at myndigheitane i Tallinn overraskande meldte at kyrkja skulle få ei gratis tomt på ein av dei finaste stadane i Mustamäe. 

Tiina uttrykte stor takknemligheit og varme for all støtte og forbønn dei har fått frå Norge. Bygginga av kyrkja starta i 2017, og i august 2019 starta dei med å ta i bruk eit lite rom i kyrkja. Dette rommet var tiltengt som kontor, så det vart fort veldig trangt når kyrkjelyden samlast til ulike aktivitetar som; søndagsmøter, barne- og ungdomsarbeid, møter for eldre, møtekvelder, bibelstudiar etc. Den 2. juni 2024 vart kyrkja innvigd. 


(foto: Galleri – EELC Mustamäe Maria Magdalena menighet)

 


f.v. Arild Sporsheim (lydteknikar), Åse Vestre (initiativtakar), Tiina Klement (gjest) Asbjørg Okasvik Sve (programleiar) og Halvor Inge Sporsheim (musikar).

 

 

 

Tilbake