Søndag 18. juni vert det på ny aktivitetsdag i kyrkjeparken!
Rett etter gudstenesta kan du bli med å støtte opp om misjonsprosjektet vårt i Thailand. Under aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda" sett vi saman med Det Norske Misjonsselskap fokus på at vi alle er ein del av Jesu verdensvide kyrkje og må stå samla i kampen mot fattigdom og naud.
Har du lyst til å gje ei gåve til misjonsprosjektet - Vipps 628256. Takk for støtta!
Kva er vi med på i Thailand?
Saman med Den evangelisk- lutherske kyrkja i Thailand er vi med på å gi barn og unge frå fattige kår ein betre start på livet. I tillegg bidreg vi med økonomisk støtte til opplæring og kursing for kyrkja sine medarbeidarar og medlemar. Vi er òg engasjerte i klimasmart jordbruk og landsbyutvikling i avsidesliggande landsbyar nord i Thailand.
LOVSONGSHEIMEN
Ein barnehage i slummen i Bangkok. Området er prega av store sosiale problem; fattigdom, splitta familiar, rus og kriminalitet. På Lovsongs- heimen får barna omsorg og trygg- leik, og dei får leika, læra, eta og kvila.
NÅDEHEIMEN
Ein heim for gravide i ein vanskeleg situasjon. Her kan dei få hjelp og støtte gjennom svangerskap, fødsel og barseltid. Dei får arbeidstrening og blir oppmuntra til å ta opp att kontakt med familie og nettverk.
LAURDAGSKLUBBAR
Eit tilbod til barn frå minoritetsfolk i Nord-Thailand. Det er ein trygg stad å vera, der mellom anna undervisning om barn sine rettar, eigen kultur, naturvern, dyrking av grønsaker og bibelhistorier står på agendaen.
FØREBYGGA MENNESKEHANDEL
Thailand er eit av landa med mest menneskehandel. «Sterke og trygge familiar» er eit prosjekt med mål om å sikre barn sine rettar, førebygga menneskehandel og styrkja familiar.
KLIMASMART JORDBRUK
For kyrkja i Nan-provinsen i Nord-Thailand har metodane frå såkalla regenerativt jordbruk ført til at dei nå får gode avlingar fleire gonger i året. Kyrkja ønskjer å vera eit læresenter der bønder i nabolaget kan verta inspirerte og få opplæring.
USE YOUR TALENTS
Kyrkja har ikkje nok prestar. Derfor er opplæring av frivillige spesielt viktig. Kvinner og menn vert utrusta til teneste i kyrkja. Dei deler trua på Jesus og formidlar nåde i eit land der den vanlege tankegangen er at ein får som fortent.
