Kyrkjevalet 2023 - Vil du ha eit godt Råd?


Nominasjonsperiode.

Hausten 2023 er det kyrkjeval. Dette er ei fin moglegheit til å engasjere deg i lokalmiljøet og kyrkjelyden din. Det er meiningsfullt, spanande, utfordrande, lærerikt, viktig, kjekt....

Stiller du til val som rådsmedlem/styremedlem i Sykkylven sokneråd eller i Ikornnes sokneråd? Eller kanskje du har gode forslag på kandidater?

Begge sokneråda er i gang med nominasjonsarbeidet og høyrer gjerne frå deg i forhold til desse spørsmåla.
Kontaktinfo til rådsmedlemmane: TRYKK HER

------

Kvifor seie ja til soknerådet?
Det er mange grunnar til å stille til val til soknerådet. Her er ti av dei. Som representant i soknerådet vil du få høve til å:
1.    bruke dine talent
2.    få nye relasjonar i nærmiljøet
3.    jobbe saman med andre – for andre
4.    vere med på å formidle kristen tru
5.    dele og diskutere dine standpunkt med andre
6.    sørge for eit trygt og godt fritidstilbod for barn og unge
7.    legge til rette for at kyrkja blir ein viktig kulturarena
8.    bidra til at kyrkja er open for alle
9.    gjere lokalmiljøet ditt betre
10.  bli betre kjent med deg sjølv

-----

Kven skal styre kyrkja her eg bur?
Den 11. september er det val til nytt sokneråd i både Sykkylven sokn og Ikornnes sokn. På valdagen for kommune- og fylkestingvalet, kan medlemar i Den norske kyrkja også velje kven som skal styre i sin lokale kyrkjelyd, i tillegg til å velje kven som skal inn i bispedømerådet og dermed også sitte på Kyrkjemøtet, som ofte blir kalla kyrkja sitt storting.

No i februar og mars arbeider nominasjonskomiteane med å sette opp lister over kandidatar til å sitte i sokneråda. Dette er eit tillitsverv, og Den norske kyrkja her i Sykkylven-Ikornnes har bruk for eit styre som består av menneske med ulik alder og erfaring. Dei som blir valde treng ikkje å ha vore av dei mest aktive i kyrkja. Mange har rik livserfaring og kunnskap frå yrkesliv og frivillig arbeid, dette er viktige tilskot til det teamet som skal utgjere soknerådet. Så svar frimodig ja til å bli med, om du blir spurt! Eller foreslå andre eller deg sjølv som frivillige i kyrkjelyden sitt mangfaldige arbeid. 

Fristen for å ha klar ei liste er 31. mars kl. 12:00. Kven som helst av medlemmane i sine respektive sokn kan i prinsippet foreslå ei liste til soknerådsvalet, så lenge forslaget er skrive under av ti personar med røysterett. Nominasjonskomiteen si liste kan ein òg supplere med eit ekstra namn i perioden 2. – 15. mai. Fem medlemmar med røysterett kan saman foreslå ein supplerande kandidat som då vil kome med på lista til valet. 

Soknerådet sine oppgåver
Soknerådet skal bidra til at kyrkja er ein plass alle kan kjenne seg heime. Det betyr mellom anna å legge til rette for at menneske kan møtast til kyrkjebyggande aktivitet som barne- og ungdomsarbeid, gode gudstenester, dåps- og konfirmantundervisning, diakoni (kyrkja si omsorgsteneste), musikk og frivillig arbeid av ulik karakter. Soknerådet lagar planar som vert gjennomført  av tilsette og frivillige i fellesskap. 
Ei nasjonal undersøking blant sitjande soknerådsmedlemar viser at eit stort fleirtal trivst og opplever det som meiningsfylt å vere med i soknerådet.

----

Trykk her for utfyllande informasjon om Kyrkjevalet 2023

Tilbake